Eg har allereie bestemt at 2011 skal vere året der eg søker nye eventyr. Eg skal reise på språkreise til Tyskland, Utøya og (kanskje) IUSY i Østerrike. og bli til flinkare til å finne eventyra i kvardagen. For det er viktig det!
- Søke nye eventyr
- Ta meir initiativ
- Slutte å avbryte folk når dei snakkar.
Begrunnelse: "kanskje jeg kan slutte å avbryte andre når de snakker. For uansett hvor kreativt jeg angriper min vane med å avbryte, finner jeg ikke andre måter å se det på enn denne: "Jeg mener at det jeg sier er viktigere enn det du sier." Og jeg finner ingen andre måter å se det på enn denne: "Jeg mener at jeg er viktigere enn du er." Og det må jeg slutte med." - Spis, elsk, lev
- Prioritere skulen meir. Gjer lekse kvar dag når eg kjem heim frå skulen.
- Lære meg meir!
- Trene meir. Må vere i form til fjellsesongen vettø.
- Skrive minst eit lesarinnlegg i mnd.
- Fokusere mest på det som er viktigast for meg.
- Spare meir pengar slik eg har mykje pengar når eg skal ut på eventyr! (triks: ta med skulemat på skulen, slutte å kjøpe snosk)
- Blir flinkare på media mtp. lokallaget og valget
- gjer så godt eg kan med å prøve å slutte å gå i joggebukse utanfor heimen. (stor sjanse for at dette ikkje går. men det skadar ikkje å prøve)
- Øve meir på piano og song.
- Ta meg meir tida til å lese og høyre på fin musikk.
- og sist men ikkje minst:
Leva livet!
"“Live as if you were to die tomorrow. Learn as if you were to live forever.” Mahatma Gandhi"