fredag 28. januar 2011

laurdag 15. januar 2011

Slikt som eg liker

fine vener, eventyr, musikk, livet, verda, å forsvinne inn i ei vidunderlig fin bok, fine bilder, sitat, latter, sosial demokratiet, naturen, å ta buss, kjærleik, synge, solidaritet, kakao, det å halde rundt ein varm kopp, arbeidarsongar, mummidalen, positive mennesker, nerding, faktumet at livet er eit eventyr!

*oppdaterast forløpande*
ein oppdagar rett og slett nye favorittting kvar ein einaste dag!

onsdag 5. januar 2011









Orda stirra hardt på henne og slapp ikkje taket eit sekund.
 Ho klarte ikkje å snu seg vekk.  Orda leita fram kjensle i ho som ho intenst har prøvd å gøyme. Med eit sterkt ønske om å latesom at alt var slik de pla, satt ho opp eit smil og tenkte ”vel, viss ikkje dei ringer til meg, så lyt eg ringe til dei” 

Ei slik haldning fungerar fint i ei stund om ein prøver å ikkje tenkje så mykje. Men for ein person som analyserer alt er det lettare sagt enn gjort. Ei byrjar å føle seg veldig irrelevant. Merker at ein aldri er øvst på gjesteinvitasjonen, aldri den først som blir ringt. Men ein av dei siste, då alle ser på kvarandre å tenkjer ”åj, vi burde kanskje ringe henne også?”, trekkjer litt på skuldrane og kjem fram til at det kanskje er lurt. Du blir invitert av gammal vane. Ikkje nødvendigvis fordi dei vil ha deg der. Det berre blei sann liksom. 

Ein føler seg som ein parantes. du er ikkje ein slik veldig viktig utfyllande informasjons parantes. Nei, heller ein slik ”her er det noko vi kanskje burde tatt med”-parantes. Du er ikkje relevant, du er nesten litt irrelevant.

Men ho heldt taket. Ho ville ikkje dette av skipet. Var ikkje sikker på om ho var klar for å symja i ukjent farvatn heilt åleine enda. Så ho heldt taket hardare enn nokon gong.

 Å finne seg sjølv kan både fint og vondt på same tid.  Ho kunne jo ofre seg for laget, knekke av ein eller legge på en bit eller to slik alt var slik det alltid hadde vore. men det finst grense for kor mykje ein kan tilpasse seg.  Ein kan bli som ein linedansar på ei tynnline over eit hav av sjølvfornektelse. Undertrykking av si eiga personlegheit kan vere veldig farleg når andre gjerne vil at det skal vere slik permanent. 



Ho var plutselig klar på det. Dette var ein skummel, men god ide. Tenkte ho. Fortsatt like ubesluttsom som mr. Vinglepetter i Fjordland reklama. Men ho måtte ta ein sjanse. Og 2011 skulle tross alt handle om nye moglegheite og nye eventyr. Men innerst inne ønska ho at også ”ein gong for lenge lenge sidan levde det fem ulike jenter i skjønn harmoni”-eventyret skulle overleve til notida og framtida. Men no ville ho vere den som satt på gjerdet å venta, for ein gong skuld. Men ho skulle ikkje berre sitte på gjerdet, ho skulle også utforske nye vennskap og nye eventyr.

Men dei visst godt kor dei skulle leite, viss dei ynskja å finne henne. Så ver ikkje fortvila. For hugs på: