tysdag 16. november 2010

Jostein Gaarder i mitt hjarte

I natt las eg Appelsinpiken. Ei lita vidunderleg bok på 175 side signert Jostein Gaarder. Appelsinpiken handlar om kjærleik og tilfeldigheiter/sjebnen. Det å sjå ei jente med ein pose med appelsiner på trikken som ein blir momentant dødsforelska i, og brukar resten av tida si på å prøve å sjå henne igjen. Den handlar om livet og det å dø.

I boka skriv Jostein Gaarder mange gangar det eg alltid har vist. Livet og verda er eit eventyr.

"Kom ikke og si at naturen ikke er et under. Kom ikke og fortell meg at verden ikke er et eventyr"

"Det er ingen som har tatt en gråtkvalt avskjed med Euklids geometri eller atomenes periodiske system. Det er ingen som feller noen tårer fordi de skal koples fra internett eller gangetabellen. Det er verden man tar avskjed med, det er livet, eventyret. "

"For når verden er, da er grensen for det uansynnlige allerede overskredet."

Det er så fantastisk, synest ikkje du?

laurdag 6. november 2010

draumemannen må ha/vere-liste

Inspirert av Sigrid Bonde Tusvik si "må bruke den og den tannkremen"-liste, skriv eg då mine krav til han som, forhåpentlegvis ,blir mannen i mitt liv ein dag. 


1. Kan ikkje vere nynorsk-hatar. ein ting er å mislike, men han må unne nynorsken å eksistere. noko anna er diskriminering av mindretalet.
-om han er ein nynorskelskande bokmålsbrukar er det eit stort +

2. Som Sigrud Bonde Tusvik sei eg: han kan ikkje vere så uintelligent at han bruker ordet 'neger'

3. snill og grei. eit tantete utsagn, men åå,så sant.

4. erkjenne at klimaendringane er menneskeskapte og vere veldig for internasjonalbistand. Solidaritet.hjarte

3. Likestillingsforkjempar. (minimumskravet er at han er for likestilling)



Dette er det aller aller viktigaste eigenskapane. Resten av kriteria som eg kunne skreve er berre detaljar som i det store bilete ikkje er så viktig likevel. Gjor eit tapper forsøk med å tone ned på nerdinga. men det går tydeligvis ikkje an. men så er eg jo litt (veldig) nerd da. men som ein god kompis av meg alltid seie: 
"GURO! det e ingenting som heite å vere nerd!" 

men heldigvis kjenner meg mange flinke flotte feminist gutar som innehar om ikkje alle, så i alle fall mange av desse kriteria ;)