fredag 13. august 2010

There's a blog born every half second


Og dette er berre endå ein i rekkja. Dette er ein av over 50  millionar bloggar, og eg er eitt av 6,863,520,833 menneske i verda. Det er vanskelig å fatte. Når eg tenkjer på dette, føler eg meg med eit ganske liten og irrelevant. Livet mitt er berre eitt av no 6,863,521,318 menneskeliv som lev her. Når eg ser på globusen min tenkjer eg: staden der eg bur er pitte pitte liten, eg er pitte pitte liten ;  eg forsvinn i havet av menneske.. Eg forsvinn inn i verda. Er eg viktig? I den store sammenhengen er eg ikkje det. Ikkje meir enn dei fleste andre menneske i hvertfall.




Men likevel meiner eg at eg har noko og komme med. Eg er av dei menneska som meiner at alle har noko å tilføye verda. Kva eg kan tilføye verda veit eg ikkje heilt nøyaktig endå. Kanskje optimisme og engasjement om at vi ein dag kan få ei betre og meir rettferdig verd?  om eg skal vere miniatyrisk lite mindre ambisiøs så er det eg vil gjennom bloggen også å vise dei som kanskje(forhåpentlegvis) kjem innom, fine bilete, musikk, bøker og sitat av folk som er langt flinkare og smartare enn meg.





 I beste tilfelle kan kanskje denne bloggen, få deg til å sjå på verda i gjennom andre sine auge( kanskje mine auge) og frå eit nytt perspektiv, for eit lite sekund.  (Briller om eg skal vere pirkete.) Den verda eg ser i gjennom augo mine, heilt utan hjelp i frå briller og liser, er litt grå og diffus og vanskeleg å setje fingaren på kva som er kva. men slik er det kanskje også, i alle fall det med at verda er diffus. For det vil eg absolutt seie at den er. Men fin er den, det er det ingen tvil om.

2 kommentarer:

  1. sv: jeg lurer også veldig på det da. hun virket ikke helt frisk da, psykisk.

    SvarSlett
  2. Verden er stor og kompleks, det advares mot overdosering. Årvåkenhet må til.
    Best hjelper det om folk kan møtes til
    ærlig og tålmodig samtale - og kanskje legge bort
    innarbeidede roller, etter beste evne?

    Starte med å stille enkle spørsmål i fullt alvor..

    SvarSlett