laurdag 6. november 2010

draumemannen må ha/vere-liste

Inspirert av Sigrid Bonde Tusvik si "må bruke den og den tannkremen"-liste, skriv eg då mine krav til han som, forhåpentlegvis ,blir mannen i mitt liv ein dag. 


1. Kan ikkje vere nynorsk-hatar. ein ting er å mislike, men han må unne nynorsken å eksistere. noko anna er diskriminering av mindretalet.
-om han er ein nynorskelskande bokmålsbrukar er det eit stort +

2. Som Sigrud Bonde Tusvik sei eg: han kan ikkje vere så uintelligent at han bruker ordet 'neger'

3. snill og grei. eit tantete utsagn, men åå,så sant.

4. erkjenne at klimaendringane er menneskeskapte og vere veldig for internasjonalbistand. Solidaritet.hjarte

3. Likestillingsforkjempar. (minimumskravet er at han er for likestilling)



Dette er det aller aller viktigaste eigenskapane. Resten av kriteria som eg kunne skreve er berre detaljar som i det store bilete ikkje er så viktig likevel. Gjor eit tapper forsøk med å tone ned på nerdinga. men det går tydeligvis ikkje an. men så er eg jo litt (veldig) nerd da. men som ein god kompis av meg alltid seie: 
"GURO! det e ingenting som heite å vere nerd!" 

men heldigvis kjenner meg mange flinke flotte feminist gutar som innehar om ikkje alle, så i alle fall mange av desse kriteria ;)


2 kommentarer:

  1. Så fin blogg du har!
    Appelsinpiken er herved ført opp på "Må lese-lista".
    Er og særs enig i punkta dine om draumemannen! :D

    SvarSlett
  2. Hei! Sjølvsagt skal eg kalle mi førstefødde for Frank, uavhengig av kjønn! men om det skulle verte ei jente skal ho få lov til å bytte namn til Martha når ho vert 18. hehhe

    Forøvrig gode punkt på manne-lista!
    mvh

    SvarSlett